Mostphotos
Elevundersøkinga er ei årleg undersøking der elevane får seie meininga si om læring og trivsel i skulen. Svara blir brukt av skulen, kommunen og staten for å gjere skulen betre.
Blir gjennomført i veke 44–48
Elevundersøkinga blir gjennomført i perioden frå 28. oktober til 29. november for heile landet.
Du får nærmare beskjed om når klassa di skal gjennomføre undersøkinga.
For alle trinn
Undersøkinga er obligatorisk for alle skuler i Norge å gjennomføre på Vg1, men i Innlandet ønsker vi at alle trinn gjennomfører undersøkinga.
Kvifor har vi elevundersøking?
Skuler og statleg utdanningsadministrasjon ønsker å analysere og utvikle læringsmiljøet på skulane. Elevundersøkinga gir deg som elev moglegheit til å seie kva du meiner om læring og trivsel på skulen, slik at du kan bidra til utvikling.
Du kan finne resultat i Udir sin statistikkbank
Kva får du spørsmål om?
- trivsel
- motivasjon, arbeidsforhold og læring
- heim-skule-samarbeid
- støtte frå læraren
- vurdering for læring
- medverknad
- reglar på skulen
- trygt miljø
- rådgiving
Korleis blir undersøkinga gjennomført?
Du gjennomfører undersøkinga på PC. Det er heilt anonymt, og du får ei tilfeldig kode du kan logge inn med.
Det er frivillig for elevar å delta. Du kan hoppe over spørsmål du ikkje ønsker å svare på.
Behandlingsansvar og personvern
Når du svarar på spørsmål i Elevundersøkinga, blir det lagra opplysningar om deg.
Utdanningsdirektoratet behandler informasjonen etter gjeldande personvernregelverk. Du oppgir ikkje namn eller personnummer til svara dine i Elevundersøkinga, og det vil vere svært vanskeleg å finne ut av kven som har svart kva i undersøkinga.
Slik behandlar Utdanningsdirektoratet personvernet i Elevundersøkinga
Har du spørsmål om personvernet i undersøkinga, kan du kontakte Utdanningsdirektoratet sitt personvernombud på e-post: personvernombud@udir.no
Klager
Om du er misfornøyd med Utdanningsdirektoratet si behandling av personopplysninger i samband med Elevundersøkinga, skal du kontakte Datatilsynet.
Du finner meir informasjon om korleis du kan klage på Datatilsynet si nettside.
Har du spørsmål?
Kontakt skulen din om du lurer på noko.
Informasjon frå Utdanningsdirektoratet