13 lærarar frå 6 land
I perioden 21-25 oktober har skulen besøk av 13 lærarar frå seks ulike land. Det er lærare frå Tyrkia, Italia, Spania, Kypros, Polen og Frankrike. Besøket er knytta til Erasmus+
Valdres vidaregåande skule
Koordinator for prosjektet
Noreg er koordinator for prosjektet "Language Leap: Elevating Foreign Language Proficiency with Thinking-Based Learning.
Det er namnet på prosjektet og blir brukt som strategiar som inkluderer djupare tankegang for å styrke språkferdigheiter. Dette kan omfatte metodar som:
• Metakognitiv læring: Elevar blir oppmoda til å reflektere over korleis dei lærer best og bruker desse innsiktene til å betre dei språklege ferdigheitene sine.
• Kritisk tenking: Bruk av analyse og refleksjon i læringsprosessen for å forstå og bruke språklege konsept meir effektivt.
• Problemløysing: Bruk av språk i komplekse, verkelege situasjonar kan hjelpe elevane å utvikle djupare språkforståing.
Kort sagt, handker det om å bruke tenking og kognitive prosessar for å løfte ferdigheitsnivået i framandspråk.
Valdres vidaregåande skule
Framandspråkelevar er vertar
Framandspråkselevar har teke utfordringa, og er motiverte for å være verter for denne gjengen. Vi ser fram til ei uke med verdifull læring, interessante samtalar og nye erfaringar.