Innlandsmeisterskap
For andre året på rad tok Valdres vidaregåande skule på seg oppdraget med å arrangere Innlandsmeisterskap i elektrikarfaget. Dette er ein skulekonkurranse for vg2-elevar som går utdanningsprogrammet Elenergi og ekom i Innlandet.
Kris Andrè og Jon Magnus med medaljer
Valdres vidaregåande skule
Jamn konkurranse
Seks lag frå ulike skular i Innlandet deltok i konkurransen der laga bestod av to elevar som jobba saman med same oppgåve. Konkurransen blei jamn og spennande og laga viste seg jamne både på kunnskap og ferdigheit. Men det var detaljar som skilde vinnaren frå dei andre laga. Og det var med stor glede for oss at Kris Andrè Barcelon Løkken og Jon Magnus Buajordet Huset, begge frå Leira (red. anm.) blei kåra som vinnarar.
Godt samarbeid
Domarane framheva det gode samarbeidet mellom Kris Andrè og Jon Magnus som utslagsgivande. Dommarar i konkurransen var Simen Taraldstad og Anders Laache Ingvaldsen frå Lærlingesenteret Innlandet. Med siger i Innlandsmesterskapet er elevane kvalifiserte til NM i elektrikarfaget som blir arrangert på Raufoss vidaregåande skule 9. og 10. april. Særs stolte faglærarar er Jon Hålien og Amund Fønhus Stensrud. Elevane framhevar at dei har fått god hjelp på vegen og har den siste tida fått god tid til å finjustere ferdigheitene sine inn mot NM. Vi gler oss til kva desse gutane kan prestere der og ynkjer dei lykke til i konkurransen.
Kris Andè og Jon Magnus i monteringsbåsen
Valdres vidaregåande skule