Pierre de Coubertin
Pierre de Coubertins elevpris blir delt ut til elevar som peikar seg ut med idrettslege og faglege prestasjonar. Prisen blir delt ut til ungdommar som går idrettsfag i Innlandet.
Sunniva og Astrid Uhrenholdt Jacobsen
Valdres vidaregåande skule
Svært gode resultat både på skulen og i friidrett
Rett før skuleslutt fekk Sunniva Fjeld tildelt Pierre de Coubertins elevpris på Maihaugen på Lillehammer. Prisen vart delt ut av Astrid Uhrenholdt Jacobsen.
Sunniva fekk tildelt prisen på bakgrunn av svært gode idrettslege prestasjonar innan friidrett og dei faglege resultata hennar på skulen.
Ho har gått tre år på idrettsfag og har òg vore engasjert i elevrådet som tillitsvald for klassa si.
Sunniva arbeider ansvarsbevisst og målretta både med skulearbeid og med friidrett.
Kvalifisert til senior-NM i fleire øvingar
Ved sida av skulearbeidet har Sunniva klart å kvalifisere seg til NM i friidrett i lengde, 200 meter og 400 meter.
Sunniva og trener og lærer Kenneth Hoffmann
Valdres vidaregåande skule
Prosess over lang tid
Sunniva har lært at prestasjonane kjem med søkelys på prosessen over lang tid. Det gjeld både i idrett og med skulearbeid.
Ho har utvikla seg over tid og ønsker å halde fram den positive utviklinga ved å trene og å konkurrere ved sida av universitetsstudium, etter at ho no er ferdig med tre år på Valdres vidaregåande skule.
Verdig vinnar
I grunngivinga frå juryen står det – Sunniva etterlever i høg grad Pierre de Coubrtins motto ved å sjå framover, snakke ope og handle vennleg. Ho verkar difor som eit svært godt førebilete og ein verdig vinnar av prisen.