Elevar deltok på volleyballmeisterkap på Skreia
Godt samhold og gode ferdigheiter
Alle spelarane samlaOnsdag 22. november deltok elevar fra Valdres vidaregåande skule på skulemeisterskap i volleyball for vidaregåande skular på Skreia. Vi drog med 22 elevar frå ulike årstrinn og linjer, fordelt på tre lag. Nivået var bra på meisterskapen. Mixlagene fekk brukt ferdigheiter dei har øvd på og viste godt samhald, men møtte litt for sterk motstand og vann ingen kampar. Herrelaget tapte dei to første kampane sine, men sanka mange poeng i desse kampane. Dei to siste kampane lykkast gutane med godt samspel, sterkt forsvar og sterke angrep, og dei vann mot Raufoss og Gjøvik. Samanlagt enda Valdres vgs herrelag på 3. plass. Elevane fekk ein opplevingsrik dag, det betyr mykje for dei å få testa ferdigheitene sine i ein ordentleg skulemeisterskap.
Spelarglede
Valdres vidaregåande skule
Sist endra 24.11.2023 13.56